GLOPPEN EIGEDOMSMEKLING
Skal du selje bustad?
Vi har lang erfaring med sal av einebustader, leilegheiter, gardseigedomar og fritidseigedomar. Kjerneområdet vårt er Gloppen, Stryn og Jølster.
"Vi er opptatt av å yte ei profesjonell meklarteneste med sikte på at både seljar og kjøpar skal bli fornøgd"
Jan Erik Mardal
advokat og meklar
Honorar til meklar vil normalt ligge omkring kr. 54.000,- inkl. mva. I tillegg kjem utgifter til annonsering mv. Ein får full oversikt over alle kostnader i utkast til oppdragsavtale.
I tillegg til ordinære meklaroppdrag, tilbyr vi kontraktsoppgjer (kjøpeavtale, skøyte og oppgjer) til fastpris kr. 21.250,- inkl. mva.
Husk at det er lurt å starte planlegginga i god tid. Det kostar ikkje noko å ha førehandsmøte med meklar.
Innhenting av tilstandsrapport
Seljar tar sjølv kontakt med takstmann for bestilling av tilstandsrapport som tilfredstiller krava som gjeld frå 1.1.2022. Meklar har oversikt over aktuelle takstmenn i distriktet. Tilstandsrapporten kan ikkje vere eldre enn 6 månadar når eigedomen blir lagt ut for sal. Ein tilstandsrapport er også ein føresetnad for å kunne teikne bustadsalsforsikring. Vi formidlar slik forsikring gjennom Gjensidige: https://www.gjensidige.no/privat/forsikring/bolig-og-innbo/boligselgerforsikring
Synfaring med meklar
Så snart takst ligg føre og oppdragsavtale er signert, vil meklar føreta synfaring av eigedomen saman med eigar der meklar m.a. gir tips om klargjering av eigedomen før fotografering og sal.
Fotografering
Vi har fast avtale med lokal fotograf som kan tilby ulike fotopakkar til ein gunstig pris. Seljar avtaler sjølv tidspunkt for fotografering med fotografen.
Utarbeiding av salsprospekt
Meklar innhentar dokumentasjon til salsprospekt, som t.d. reguleringsplan, 2D-teikningar, energiattest mv. Salsprospektet skal godkjennast av seljar og blir trykt av lokal produsent.
Visning og bodrunde
Eigedomen blir annonsert for sal på FINN, vår Facebook-side og andre kanalar, så snart salsoppgåva er klar. I tillegg tilrår vi annonse i lokalavis(er). Det blir hengt opp eit «Til Sals» skilt på bygningen. Meklar er ansvarleg for gjennomføring av både vising om ikkje anna er avtalt. Salsprospektet inneheld nærmare reglar om bodgiving.
Kontraktsmøte og avslutning av oppdraget
Så snart det er gitt aksept av bod blir det avtalt kontraktsmøte mellom partane. Overtaking skjer normalt seinast 3 månader etter aksept av bod.